Vis ett enkelt innlegg
 
Gammel 25/03-2007, 12:16
Martichoras sin avatar
Martichoras Martichoras er offline
Medlem
 

Standard Spelleiar-filosofi

Ei tentativ liste over ting eg freistar å minna meg sjølv på kvar gong eg leier, eller planlegg å leia, rollespel.

Ver ærleg mot spelarane dine
Ikkje sei at du fylgjer reglar du ikkje fylgjer, ikkje bløff om terningskast. Reglar og terningskast er ein garanti for spelarane dine om at det er noko anna som påverkar spelet enn "det du oppfattar som kult" (GM fiat). Om spelarane dine er komfortable med at det du tykkjer er kult er det som skjer, så er det ingenting i vegen med det, men då er det bortkasta tid å lata som om ein fylgjer reglar. Om dei ikkje er komfortable med GM fiat, er det dårleg gjort å lata som om du serverer noko anna.

Ting som vert handterte på ein detaljert/komplisert måte, bør vera viktige
Bruk berre reglar for ting som er interessante og/eller morosame. Ikkje bruk fleire reglar eller kast enn det som høver med plassen hendinga har i soga. La ikkje folk rulla for eller spela ut kvardagslege ting, med mindre dei sjølv ynskjer det - men hugs at å etablera roller kan ha stor verdi i seg sjølv.

Ikkje rull terningar for alternativ du ikkje kan akseptera
Om du ikkje vil at spelarrollene skal døy/verta hjelpelause/verta skada, så ikkje rull for dette. Om spelarane skal lukkast i situasjonen, så la dei rulla for om dei lykkast spektakulert eller marginalt. Ikkje spel om innsatsar du er ukomfortabel med - "rull godt på dette eine kastet eller døy" er sjeldan ein god idé.

Reglar er ikkje feilfrie
Av og til er det slik at resultatet av ein regel går på tvers av det du (og vonleg spelarane dine) opplever som rimeleg. Då er det regelen som har feil. La spelarane vita at du bryt regelen, og kvifor, og gå raskt vidare. Ta lengre diskusjonar før eller etter rollespeløkta, ikkje midt i. Om dette skjer ofte, kan det vera ein god idé å droppa eller endra regelen. Skjer dette med mange reglar, treng du kan henda eit nytt system.

Spelar-rollene skal vera sentrum i si soge
Spelar-rollene skal ikkje berre vera tilskodarar for kva andre rollefigurar finn på. Deira val skal vera den viktigaste drivkrafta i spelet. Dette tyder ikkje at eg let rollene vera verdsens midtpunkt, ulikt mange spelleiarar. Om ein speler vanlege fotsoldatar i 1. verdskrigen, til dømes, er tilveret ganske stussleg, men då må fokus vera på spelarrollene sitt kav for å livberga seg og ha det nokonlunde greit, koma seg bort frå fronten på ein eller annan måte, eller vinna ære for Fedrelandet - ikkje på alle dei kule tinga flygaressa gjer over hovuda deira...

Ikkje køyr "berg [verda]"-soger med mindre du er klar til å la [verda] gå til helheim!
Om spelarane har som oppgåve å redda verda (eller eit land, ein by, ein etablert rolle, og mislukkast, så skal det sanneleg ikkje dukka opp andre rollepersonar ut av det blå som ordnar saka i siste augeblenk (Elminster-problemet). Det er etter mi meining meir irriterande å oppleva vala sine som meiningslause, enn å mislukkast. Dette gjeld sjølvsagt òg i motsett lei, ikkje overkøyr suksessen til spelarane for å berga eit (meta)plott.

Flaskehalsar er fæle og jarnbanar er verre
Flaskehalsar - situasjonar der spelarane har svært få val, bør ein unngå så langt det er mogleg. Jarnbanar, situasjonar der spelarane ikkje har nokon val, er verre. Om ein køyra jarnbane, så sei ifrå til spelarane i forkant og spør om det er greit, ikkje gje dei ein illusjon av handlingsalternativ, berre for å la alt som ikkje stemmar med jarnbanen mislukkast.

Ein kan ikkje både ha sprikande roller og stort handlingsrom
Anten må rolle-spekteret eller handlingsromet avgrensast. Spelarane kan ha roller som dannar ei naturleg gruppe (roller med mål som høver saman), og som fritt kan utforska rollespelverda og velja kva dei vil gjera, eller så kan dei vera ei kunstig gruppe kasta saman av Lagnaden, for å berga livet eller verda (i spel eg leiar, livet eller ein bit av verda, sjå over). Me må saman finna balansen mellom rollerom og handlingsrom, før spelet byrjar.

Einsame ulvar høver frykteleg dårleg i grupper
Det burde vera openberrt, men er det ikkje. Ja, einsame ulvar kan vera kule roller, men å spela ei rolle som unngår samspel med gruppa, og framstår som avvisande til kontakt, bygg sjeldan opp godt spel. Skal me spela ein-til-ein, kan du gjerne spela ein einsam ulv, men skal det vera fleire spelarar i gruppa, er eg ikkje interessert i å leia ein serie parallele einmannsgrupper...

Ver sikker på at ein vil det same
System som skiljer mellom ulike type spelarar er ikkje akkurat vitskaplege eller på nokon måte solide, men det er ganske sikkert at folk ynskjer ulike ting. Prøv å finna ut om spelarane dine har ynskje for rollespeling som kan sameinast med kvarandre, og med dine.

Skaff deg tilbakemelding
Spelarar er ofte tilbakehaldne med å seia kva dei er misnøgde med, og for så vidt kva dei likte. Spør. Pass deg for å verta defensiv. Ein kan gjerna opna og avslutta speleøkta med å oppsummera korleis ting har gått så langt, og kva ein tenkjer kunne vera artig å spela på framover.

Kjenn avgrensingane dine
Ikkje alle spelleiarar gjer alt like godt. Eg er til dømes håplaus til å leia cinematisk rollespeling der spelar-rollene alltid er kule og alltid lukkast til slutt. Relatert til dette er eg svak på Hollywood-vald, der ein pløyer gjennom masse "mooks", som døyr raskt og ryddig. Eg tykkjer dette kan vera morosamt å spela, men alle freistnadene mine på å leia slikt har krasja spektakulært. Eg er utsett for å henga meg opp i detaljar, og må passa meg for dette.

Kjenn styrkane dine òg
Noko gjer ein bra. Eg er god på spenning, skrekk, såpeopera, paranoia, surrealisme og situasjonskomikk. Eg er òg god til å få personar og stader eg har funne på til å verka "verkelege".
Svar med sitat