Vis ett enkelt innlegg
Melding fra Hyperion:
  #1  
Gammel 3/06-2007, 11:02
Martichoras sin avatar
Martichoras Martichoras er offline
Medlem
 

Standard Martichoras sine sogekatalog-trådar

No som eg veit at eg kjem meg til Oslo (om lag så sikkert som eg kan vita noko i denne verda), har eg lyst til å leggja ut trådar om konsept frå sogekatalogen min.

Dette er ein freistnad frå mi side på å prøva ut sogekatalog-konseptet, dela det med andre, og freista å få tilbakemelding på soge-ideane mine.

Eg vart introdusert for ideen om ein sogekatalog (mi omsetjing av engelsk "prospectus") av William S. Stoddard på sjgames.com sine fora. Grunnideen er at spelleiaren skriv ned ulike ting ho/han kunne tenkja seg å leia, let potensielle spelarar gje tilbakemelding på kva dei har lyst til å spela, og så vel ein kampanje (og, eventuelt, set saman ei gruppe) på grunnlag av tilbakemeldinga.

Eg er glad for at det er fleire på forumet som kan tenkja seg å prøva å spela med meg, og er særleg interessert i tilbakemelding frå dei, men vil gjerne ha tilbakemelding frå andre folk på forumet òg.

(Utifrå tråd-innhald, verkar dette som det mest høvelege underforumet å plassera desse trådande i.)


Sogekatalogen min så langt

1657: Port Royal

Sjørøvarar og synkretisme på skrekkhava .

L'Ecole Noire

Ekspedisjon til Nordishavet

Tvitind

Fabricati diem, pvnc

Fortabelsen i Nuet

Valdeleg dystopi

Heilag krig!

Dei rollespelsystema som er omfatta av "alle" i sogekatalogtrådane mine, er

GURPS: Mellomvektssystem. Krever noko læring. Mykje detaljar. God verisimilitude. Tidvis tidkrevande.

Unknown Armies/NEMESIS: "Lettare" enn GURPS, meir vilkårleg, mindre verisimilitude. Meir "narrativt".

Over The Edge ("Over the Elephants" om det vert nytta til Discworld): Ganske lett og abstrakt.


Alle systema har ein grunnmekanikk, som er meir eller mindre gjennomgripande. Eg har ikkje noko religiøst forhold til nokon av dei, men dette er system eg har sans for, og kjenner i større og mindre grad. Eg er open for andre framlegg, så lenge det ikkje er tale om meir enn ei regelbok, helst mindre.
__________________
Jone (gamal simulasjonistknark)
Nynorskordboka på nett kan vera grei i møte med postane mine
Sogekatalogen min
Ymirea, den heimesmidde verda mi, som eg stundom refererer til
Spelleiarfilosofien min (eit utkast)

Sist endret av Martichoras; 16/12-2007 kl 13:23 Begrunnelse: Oppdaterte sogekatalogoversikten
Svar med sitat