Tråd: Hobitten
Vis ett enkelt innlegg
  #17  
Gammel 7/01-2013, 22:53
Martichoras sin avatar
Martichoras Martichoras er offline
Medlem
 

Thumbs up Re: Hobitten

Eg likte filmen ganske godt. "Hobitten" er jo på mange måtar ei tøysete bok, som heng lite i saman med "Ringenes herre", og Tolkien gjorde jo sjølv endringar for å minska diskrepansen... Det ser ut til at dei seks filmane vert ein form for heilskap, og det ville vera litt tøft, i seg sjølv. Vonar også på å få langt meir Dol Goldur enn det er i boka.

Syns det var mykje halv- og heilteit action, og irriterer meg over at scena der Gandalv sprenger tussebålet under berget og drep masse tussar på den måten, er borte. Kvifor kunne ikkje Jackson behalda den mest pyrotekniske magien i heile boka!?

Likevel, eg har bladd litt i boka igjen, og tykkjer ofte at dvergane er for tøysete, småborgarlege og hjelpelause til å vera "sons of Durin", så det er heilt greit at dei er meir "rollespeldvergar" i filmen...
__________________
Jone (gamal simulasjonistknark)
Nynorskordboka på nett kan vera grei i møte med postane mine
Sogekatalogen min
Ymirea, den heimesmidde verda mi, som eg stundom refererer til
Spelleiarfilosofien min (eit utkast)
Svar med sitat