Vis ett enkelt innlegg
Melding fra Hyperion:
  #1  
Gammel 22/12-2008, 19:52
Martichoras sin avatar
Martichoras Martichoras er offline
Medlem
 

Standard Jakta på ungdomskjelda (sjørøvarar og zombiar og greier)

I Den gamle verda, den austlege halvkula, er røynda ordna og oppmålt. I vest, i Den nye verda, er ho flytande og vill. Eden i aust mun vera vakta av englar med logande sverd, men Vesten er vakta av Det store beistet, kalla Leviathan av boklærde europearar og Duppy Jonah av vestindarane. Leviathan slår med halen og både land og hav kvervlar rundt; Han bles i nasen og både levande og døde reiser seg til strid.

Likevel vågar folk seg vestover, på leiting etter gull og andre rikdommar. Særleg har den spanske trone forsynt seg grådig av godset til falne indianarrike, og reknar heile Den vestlege halvkula som sin eigedom. Alle andre enn spanjolane må kjempa både med Duppy Jonah sine born og med kong Karl II sine handlangarar.

Dei reisande på skipet ”Ambrosia” reddast korkje verdslege eller djevelske farar, for dei stemner vestover på leiting etter ein skatt større enn heidne kongars gull, sjølve livseliksiren, kjelda til evig liv. Gjennom gransking av tekstane til Fontaneda og de Avilés, men òg mangt som er mindre kjend og betre løynd, har dei kome til at Juan Ponce de León var langt nærare å finna Ungdomskjelda enn nokon har ana, då han vart felt av ei giftig pil for nær 150 år sidan.

No stemner ”Ambrosia” mot Puerto Rico. Her, i katedralen San Juan Bautista, kviler dei jordiske levningane av Juan Ponce de León. I hans marmorsarkofag gøymer det endelege sporet som syner vegen til Kjelda til evig liv. For å nå dit må ein berre forbi eit av dei mektigaste festningsverka i Den nye verda (bygd for å trygga den spanske skatteflåten) så vel som den spanske hirden, og Pavens eigen Societas Iesu.

Men det er når de Leons grav er broten at dei røynlege problema tek til. Då byrjar seilasen mot Djeveløyene, gjennom farvatn fylte med stormar, sjørøvarar, draugar og udyr, med arge spanjolar og jesuittar i ryggen, og Duppy Jonah sjølv lurande i djupet. Om dei når målet må dei òg forbi Ungdomskjelda sine vaktarar...

***

Dette er "salsteksten" eg så langt har utarbeidd til ein modul eg vonar å ha klar til ARCON. Soga er lagd til pseudoverset Sjørøvarar og synkretisme på skrekkhava, som bygg på GURPS Swashbucklers, GURPS Horror og GURPS Cabal (i omtrent den rekkjefylgja), samt diverse saker eg har funne rundt på nett, og i mindre grad på Deichmanske.

Høyrest dette artig ut?

Eg har aldri skrive ein modul til ARCON før. Utifrå røynslene mine som ARCON-deltakar for dryge ti år sidan, og det eg har fanga opp frå andre ARCON-deltakarar, verkar det som om det er frykteleg vanskeleg å laga ein modul som:
  • Kan nyttast av andre enn ein sjølv.
  • Driv handlinga framover utan å blokkera som ein Berlinmur.
  • Er ferdig i rimeleg tid før festivalen.

No kan ein jo argumentera for at eg kunne gjort ting enklare ved ikkje å nytta GURPS og småkonservativ nynorsk, men eg likar task resolution, iherdig kjeldegransking og arkaiske ufullstendige hjelpeverb.

Eit anna, og vonleg større, problem er at eg slett ikkje er vand med å tenkja i "modular", og at "eit eventyr" har det med å verta ei halvtårs-soge, minst, i mine hender. Det gjer det vanskeleg for meg å pressa ein visjon inn i eit puljeformat. Eg har tenkt å prøva.

Noko eg har gjort er å laga eit tentativt flytdiagram, med ein semi-jarnbane (kryssande parallellspor) gjennom Puerto Rico, eit relativt ope felt med relativt mange handlings- og hendingsalternativ ute på havet, og eit smalare felt, jarnbanespor, når heltane nærmar seg ungdomskjelda.

Eg vonar òg å kunna få sett opp skildringar av ulike situasjonar i flytdiagrammet, med skildringar, biroller (som spelarrollene kan drepa eller på anna vis sigra over), kva dugleikar som er aktuelle å nytta, og relevante reglar og task difficulty modifiers (habla GURPS?).

Er dette noko de trur kan vera til hjelp? Kva ville de ha gjort/har de opplevd som nyttig i modular?

Roller er ein annan sak. Eg er uvand med å laga roller, og uviss på om eg i det heile er i nærleiken av noko folk har lyst til å spela.

Tre av dei er byd over historiske personar:
  • Christina Alexandra, tidlegare dronning av Sverige, lærd, språkmektig og dugande til å fekta og å skyta.
  • Cyrano de Bergerac: Meistarfektar, oppfinnar og gjennomgåande velformulert (forfattar og poet).
  • Julie la Maupin: Tidsreisande meistarfektar, operasangar og femme fatale.

Tre av dei er ahistoriske og i større grad på teiknebrettet
  • Ein kaper og fribyttar, kaptein på "Ambrosia".
  • Ein dhampir og magikar frå Trieste
  • Ein eksentrisk oppfinnar - alkymist, kirurg og artillerist

Kva manglar? Burde det vera fleire sjøfolk/piratar?

Kjønn og slikt er noko eg har freista å tenkja ein del på, noko som har ført til at dei tre historiske rollene er ein mann, ei kvinne og ei omdiskutert ei. Dei to rollene som har eit definitivt kjønn var forresten begge biseksuelle, noko som fører oss over til rollerelasjonar: Eg har fundert på å leggja opp ulike spor til flørting og eventuelt romantikk mellom spelarrollene, men dette er noko eg reknar med at slett ikkje alle vil vera komfortable med... Kva tenkjer de?
__________________
Jone (gamal simulasjonistknark)
Nynorskordboka på nett kan vera grei i møte med postane mine
Sogekatalogen min
Ymirea, den heimesmidde verda mi, som eg stundom refererer til
Spelleiarfilosofien min (eit utkast)

Sist endret av Martichoras; 22/12-2008 kl 20:14
Svar med sitat