Vis ett enkelt innlegg
  #7  
Gammel 11/01-2009, 15:20
Martichoras sin avatar
Martichoras Martichoras er offline
Medlem
 

Standard Re: Jakta på ungdomskjelda (sjørøvarar og zombiar og greier)

”Vlad” (Vladimir Vampijerović eller Vladimira Vampijera)
Vlad er ein ekkel fyr. Han er middels høg, men brei og klumpete. Andletet hans er rundt, med store, mørke auge og ein lang spiss nase, som gjer at han ser fugleaktig ut, og ein vid, sensuell munn med store tenner og spisse hjørnetenner. Vlad har tjukt, svart hår med markerte viker. Huda hans er klam og gummiaktig, og han vert lett raudmussa når han er varm eller opphissa. Vlad luktar litt rart, men det verkeleg besynderlege er at han ikkje kastar skugge, same kor skarpt lyset vert.

Vlad kler seg i svart, noko som ikkje gjer han mindre raud i tropesola. Han eig eit heilt lite arsenal, og ber ofte med seg store delar av det. Han har alltid med seg dei to flintlås-pistolane sine av Beretta-fabrikat, gjerne ladde med sølvkuler, og ein velsmidd hoggert med sølvegg. Attåt har han fleire vanlege flintlåspistolar, ein armbrøst, med ulike piler, ein skarp haggtorn-stake, fleire knivar og ei bordingsøks.

Vlad sin fremste kompetanse er drap og øydeleggjing. Best av alt er han til å gjera ende på vandaude, men levande har det òg med å gje opp anden om du skyt dei i hjartet eller høgg hovudet av dei. Han har òg kunnskapar om okkultisme, daudemaning og sporfinning, og kan sansa og kjenna att løynde vandaude. Han er ein habil feltskjer, og har lært seg eit og anna om etterforsking og utspørring i arbeidet sitt. Vlad talar mange språk, dei fleste av dei dårleg.

Vlad er født og oppvokst i Trieste (del av det austerrikske keisarrike), og er slovenar på morssida, vampyr på farssida. Han livnærte seg i fleire år ved å jakta på vampyrar og andre vandaude rundt om på Balkan og i Italia. Christina Alexandra berga han frå inkvisisjonen i Roma, og difor tener han ho lojalt.

Vlad er ein jovial og selskapeleg fyr, men tek meir etter far sin enn det som godt er. Han er ein kald jævel på botn, og i tillegg til å vera blodtørstig, er han både pengegrisk og kåt. Han dansar på taket når han er full.
__________________
Jone (gamal simulasjonistknark)
Nynorskordboka på nett kan vera grei i møte med postane mine
Sogekatalogen min
Ymirea, den heimesmidde verda mi, som eg stundom refererer til
Spelleiarfilosofien min (eit utkast)

Sist endret av Martichoras; 11/01-2009 kl 15:21 Begrunnelse: Overskrift
Svar med sitat