Gå tilbake   Hyperions webforum > Norsk Forum For Fantastiske Fritidsinteresser > Rollespill > Rollespill generelt

Notiser

Vis meningsmålingsresultat: Kva tykkjer du om Jakta på Ungdomskjelda?
Dette vil eg gjerne spela, og eg skal (kan henda) på ARCON 6 42,86%
Dette vil eg gjerne spela, men eg skal ikkje på ARCON 2 14,29%
Eg er usikker, men det verkar lovande 4 28,57%
Dette er ikkje mi greie 1 7,14%
Alt med task resolution suger! 0 0%
Avast! 1 7,14%
Velgere: 14. Du kan ikke stemme i denne meningsmålingen

Svar
 
Trådverktøy Visningsmoduser
  #31  
Gammel 25/01-2009, 12:21
Martichoras sin avatar
Martichoras Martichoras er offline
Medlem
 

Standard Re: Jakta på ungdomskjelda (sjørøvarar og zombiar og greier)

Julie la Maupin

Julie er høg, vakker og androgyn. Ho er bleik, har raudbrunt hår, og stemmen hennar er kontra-alt (altså relativt djup til å vera kvinne) og svært behageleg. Om ho bind opp brysta sine kan Julie lett gå for å vera mann. Julie rører seg som ein dansar, og i farlege situasjonar er ho raskare enn ein hoggande slange.

Julie hatar skrythalsar og gjer tydeleg uttrykk for dette. Det er best å la vera å nemna for ho at ho sjølv likar å skryta og syna seg fram. Ho er nemleg både hissig og ærekjær, og raskt til å kreva oppreising gjennom ein duell. Julie er impulsiv i alle ting, ikkje minst i kjærleikslivet, og er rask både til å flørta og til å innleia forhold, om ho ser einkvan ho likar (mann eller kvinne). Ho får det oftast som ho vil, sidan ho er bortimot uimotståeleg. Julie er modig inntil det dumdristige, tenkjer sjeldan på konsekvenser, og reknar seg i stand til å koma ut av dei verste situasjonar gjennom fysisk, psykisk og sosial dugleik.

Julie er i ein mildt sagt underleg eksistensiell posisjon. I Frankrike finst det ei ung jente, Julie d'Aubigny, som er 3 år gamal. Faren hennar kjem til å læra ho både kunst og fektekunst, og i tenåra vert ho elskarinna til greven av Armagnac. Dette er byrjinga på ein serie med kjærleiksforhold, til både menn og kvinner, oftast aristokratar eller musikarar. Dette skjer mot eit bakteppe av duellar (både på eigne vegne og som profesjonell), slagsmål, fekteoppvisningar og ikkje minst sangarjobbar, fyrst rundt om på landsens vertshus, og med tida som diva i operaen i Paris). På vegen kjem ho òg i skade for å begå kidnapping, brannstifting og liktjuveri (alt i hop for kjærleikens skuld). I 1793, medan ho er landflyktig i Brussel (for ikkje å verta dømd for duell-drap) kjem ho opp i ei stor og fælsleg okkult hending, og det neste ho hugsar er at ho ligg og driv i havet, i lag med noko underleg vrakgods, og vert fiska om bord på skipet ”Ambrosia” i 1794, i den austlege delen av Atlanterhavet.

Sjølv før denne hendinga var Julie si tids beste fektar. Etterpå har ho vorte betre. Tid tyder ikkje lenger det same for ho, og ho rører seg så raskt at ein kan få kjensla av at motstandaren står stille. Attåt har ho fått ein viss evne til å hugsa ting som ikkje har hendt endå, noko som gjev ho ein generelt betra intuisjon, og evne til å sjå inn framtida. Baksida av dette er at ho stundom oppdagar at det er ting ho ikkje kan gjera, utan å eliminera sin eigen eksistens retroaktivt, noko ho stort sett oppdagar når ho allereie er godt i gang med å gjera nettopp det. Ho har òg ei ubehageleg kjensle at sjølv om ho har flytt seg 21 år tilbake i tid, og eit verdshav vestover, er det noko bak ho, noko som jagar ho…

Julie er ikkje så interessert i Ungdomskjelda, i og for seg. Ho er ung og vital. Ho ho trivst godt i selskapet til Christina og kapteinen (Cyrano finn ho irriterande), og likar godt tanken på ei yngre og vakrare Christina. Men det er meir med saka enn som så, Julie innser at ho må til Ungdomskjelda likevel, for om ho så mykje som tenkjer på å forlata reisefelagane sine og ”Ambrosia”, byrjar ho å bleikna bort frå røyndommen.
__________________
Jone (gamal simulasjonistknark)
Nynorskordboka på nett kan vera grei i møte med postane mine
Sogekatalogen min
Ymirea, den heimesmidde verda mi, som eg stundom refererer til
Spelleiarfilosofien min (eit utkast)
Svar med sitat
  #32  
Gammel 11/05-2009, 22:21
Martichoras sin avatar
Martichoras Martichoras er offline
Medlem
 

Standard Re: Jakta på ungdomskjelda (sjørøvarar og zombiar og greier)

Litt frå bemonstringa av modulen

Soldier (Mook*)
ST 11; DX 10; IQ 10; HT 11 (HT 10 for Englishmen)
Will 10 Per 10 Speed 5.25 Dodge 8 (but irrelevant) Move 5 (Spaniards 3)
SM 0 , 150 lbs (give or take a few).
Traits: Few good ones. Whatever disadvantages you feel like bringing into play..
Skills: Weapon skills at 12; Spaniards may have small bucklers and Block 11 (which is also mostly irrelevant), Soldier skill 11. Other skills mostly at 10.

Om du tykkjer spelarane treng litt ekstra utfordring, kan du slenga inn eit kobbel grenaderar (ST 12; DX 11, weapons skills at 14, +1 to damage, flintlock muskets), som du til og med kan la få forsvarskast, om du tykkjer du har tid. Grenaderar bør sjølvsagt ha granatar, som dei kastar med skill 14.

Spanske soldatar går ofte med jarnkyrass og cabacetar (jarnhjelmar) dette gjev dei DR 5 (masseprodusert utstyr) på dei relevante stadene (torso, skull, back of head). Det gjer dei også tregare enn dei fleste andre, og at dei ofte er halvkokte av å gå med rustning i tropesola. Hugs at mooks har rustning for at spelarane skal kunna herja med dei, velta dei som kjegler eller dominobrikker, trekka hjelmen ned i augene på dei eller ta nappa han av for å slå dei ned. Spanjolar kan vera væpna med breisverd og buklerskjold, med korte hellebardar, eller med luntelåsmuskettar.

Spanske soldatar er stormtroppane til eit forvitrande imperium, resignerte og apatiske, men innstilte på å døy med verdigheit. Dei har mykje vondt i hovudet på grunn av hjelmane.

Engelske soldatar sleper ikkje på rustning slik spanjolane gjer, men er ofte alkoholiserte, plaga av skjørbuk og tropesjukdommar, og dei er alltid solbrende. Dei går i raude jakkar som er for tronge. Og dei har stygge tenner. Dei er som regel utstyrte med luntelåsmuskettar med pluggbajonettar. Engelske soldatar er jordas avskum. Dei har mykje vondt i hovudet grunna sol og alkohol.

Franske soldatar er ikkje tiltenkte noko stor rolle i soga. Dei er utrusta som engelskmenn, men er solbrune og har ein viss stil. Fleirtalet er arrogante og vellystige.


*Mooks får aldri forsvarskast og mislukkast med alle HT-kast (går derfor i bakken for eit major wound (stort sett 6 eller meir i skade).Når fleire mooks angrip med skytevåpen handsamar ein det som eit Rapid Fire åtak (B373-374) med Recoil 1.
__________________
Jone (gamal simulasjonistknark)
Nynorskordboka på nett kan vera grei i møte med postane mine
Sogekatalogen min
Ymirea, den heimesmidde verda mi, som eg stundom refererer til
Spelleiarfilosofien min (eit utkast)
Svar med sitat
  #33  
Gammel 12/05-2009, 20:22
Hagazussa sin avatar
Hagazussa Hagazussa er offline
Medlem
 

Standard Re: Jakta på ungdomskjelda (sjørøvarar og zombiar og greier)

Noe jeg lurte på, jeg får ikke kommet på Arcon men jeg har veldig lyst til å spille denne modulen. Kan jeg være så frekk som å spørre om du kan sende meg den når den er ferdig så kan kan kjøre den for min egen gruppe? Om det ikke blir noe brydderi for deg selfølgelig.
__________________
Sagt av en Aes Sedai til en Warder i WOT RPG:
If I may ask, Jicon, what does your sweetheart say about what you see and do in your work? I mean, I don't know where she's from, but a fair number of women from any country would have their men's heartblood if they so much as suspected he'd be guarding a flock of naked witches.
Svar med sitat
  #34  
Gammel 16/05-2009, 12:05
Martichoras sin avatar
Martichoras Martichoras er offline
Medlem
 

Standard Re: Jakta på ungdomskjelda (sjørøvarar og zombiar og greier)

Sitat:
Opprinnelig postet av Hagazussa Vis post
Noe jeg lurte på, jeg får ikke kommet på Arcon men jeg har veldig lyst til å spille denne modulen. Kan jeg være så frekk som å spørre om du kan sende meg den når den er ferdig så kan kan kjøre den for min egen gruppe? Om det ikke blir noe brydderi for deg selfølgelig.
Det trur eg skal gå greit, men eg får sjå korleis det går med å få modulen forståeleg for andre enn meg sjølv
Veldig hyggeleg at du er interessert i å leia "Jakta på Ungdomskjelda" for gruppa di i Bergen
__________________
Jone (gamal simulasjonistknark)
Nynorskordboka på nett kan vera grei i møte med postane mine
Sogekatalogen min
Ymirea, den heimesmidde verda mi, som eg stundom refererer til
Spelleiarfilosofien min (eit utkast)
Svar med sitat
  #35  
Gammel 16/05-2009, 12:07
Martichoras sin avatar
Martichoras Martichoras er offline
Medlem
 

Standard Det stolte skipet Ambrosia

Her er den førebels skildringa av Ambrosia. Eg er ikkje særleg nautisk bevandra, så om eg har gjort grove feil, vil eg gjerne ha hjelp til å retta dei. Ellers lurer eg på om teksten gjev ei "kjensle av skipet". Eg lurer forresten også på kor historisk rett det er at Ambrosia har både banjerdekk og lasterom.

Ambrosia
Ambrosia er ein flott tremastar, bygd i Holland.

”Ambrosia” er mest like lang som ein spansk stridsgalleon, men er atskillig lågare og lettare bygd. Skipet har vorte vald ut for å kunna øyda alle skip som er like store eller mindre, og å kunna segla frå alle skip som er større.

Stridskrafta til ”Ambrosia” ligg mest i kanonane, skipet er rusta for ferder verda rundt, og lenger om naudsynt, og kan ikkje ta med seg så mange våpenføre menn som eit sjørøvarskip som berre fartar rundt på det karibiske hav, eller ein tung og treg spansk krigsgalleon.

Framme i ruffen på ligg Cyrano sitt laboratorium. Cyrano søv her. På taket av ruffen er Doggfuglen (sjå eige ark) forankra. Fokkemasta kjem opp framme på ruffen.

Under akterdekket er det to lugarar side om side, den eine tilhøyrer Christina, Vlad søv ved fotenden av senga hennar. Den andre tilhøyrer kapteinen, Jean-Pierre. Kapteinen plar styra skipet frå hyttedekket oppå poppen. Spelarrollene et saman i kapteinen sin lugar. Mesenmasta kjem opp gjennom akterdekket.

Mellom ruffen og akterdekket er det hovuddekket, med lasteluke og det heile. Framme på dekket er gangspelet, det store hjulet som sjømennene dreier for å få mekanisk kraft til å heisa opp ankeret, vinsja last og heva dei store segla. På dette dekket finn ligg òg lettbåten til skipet når han ikkje er i bruk. Esingen (båtripa) rundt dette dekket er relativt høg, og gjev dekke mot mindre skytevåpen til dei som står her. Stormasta kjem opp akter på hovuddekket.

I tillegg til dei før nemnde rundholta (fokkemast, stormast og mesenmast) har Ambrosia ein baugspryd fremst, som ber for-seglet. Kvar av dei andre mastene har sitt hovudsegl: fokken, storseglet og mesenen, i tillegg til mindre segl. Kvart segl heng frå si rå, og det er enormt mykje tauverk involvert. Særleg nemneverdige er stag, tau som stivar av mastene langs skuta, og vanta, som stør mastene på tvers. Vevlingane, er tau spende mellom vant som vert nytta som stigar. Før strid spenner ein ut nett mellom segl og dekk, for å verna folk på dekk mot fallande tømmer.

Under hovuddekket ligg kanondekket, her har resten av mannskapet hengekøyene sine. Byssa ligg heilt akter på kanondekket (under lugarane).

Under kanondekket finn ein banjerdekket, som ligg meir eller mindre under vatn, og difor ikkje har glugger, og er innestengt og mørkt. Her har tømmermannen arbeidsplass, og ein lagrar last som ikkje tåler kva som helst her.

Under banjerdekket, nedst i skipet, er lasterommet. Det er som namnet antyder fylt med last Langs kjølen har skipet ballast i form av stein, grus og sand,. Nede langs kjølen samlar det seg òg vatn, som må pumpst ut kvar dag. Lasterommet er mørkt og rått, fullt av gøymestader og med mange rotter.

Begge dei nedre dekka er fylte med last pakka i tønner, sekker og kassar, og det er lett for både rotter og menneske å gøyma seg der.
__________________
Jone (gamal simulasjonistknark)
Nynorskordboka på nett kan vera grei i møte med postane mine
Sogekatalogen min
Ymirea, den heimesmidde verda mi, som eg stundom refererer til
Spelleiarfilosofien min (eit utkast)

Sist endret av Martichoras; 16/05-2009 kl 12:07
Svar med sitat
  #36  
Gammel 16/05-2009, 12:09
Martichoras sin avatar
Martichoras Martichoras er offline
Medlem
 

Standard Doggfuglen

Doggfuglen
Doggfuglen er Cyrano sin eksperimentelle flygemaskin. Han er for det meste bygd av tre, kopar og jarn. Doggfuglen får oppdrift av svevedogg inne i fugleskroget, og framdrift og meir oppdrift av eit par mekaniske venger. Maskinen er delt i ein øvre fuglelekam som inneheld svevedogg-kammer og drivverk, og ein nedre gondol der folk og last får plass. Gondolen er festa til ”fuglen” med tynne jarnstenger og kjettingar. Midt på gondolen er det eit lite gangspel, som er kobla til fuglen med ein aksling, og gjer det mogleg å lada opp drivverket medan ein flyg. Fremst i gondolen er det eit panel der ein ved hjelp av fleire små ratt kan styra Doggfuglen omtrent dit ein vil. Bakerst I gondolen er det ei kiste, der Cyrano plar ha niste, vertøy, reservedeler, krutt, vin og anna som kan koma til nytte. Både fuglen og gondolen har fleire festepunkt for fyrverkeri, som ein nyttar når Doggfuglen skal ta av. Ein kan også, med ei stor ladning flaks og ei større ladning fyrverkeri, greia å flyga Doggfuglen ut av Den jordiske sfæren. Cyrano talar mykje om korleis han har floge både til Månen og til Sola i tidlegare farkostar. Doggfuglen flyg jamt over betre på dagtid enn på nattestid, fordi han får betre oppdrift når svevedoggen vert varma av sola.

Cyrano har festa ein liten einpundskanon (swivelgun) på farkosten, denne får også minus for at gondolen er ustabil, og har det med å senda Doggfuglen eit stykke ut av kurs kvar gong han vert avfyrt (Swivel-gun: Acc 3, Malf 12; Damage 6d pi++)

Cyrano kan laga meir fyrverkeri av krutt frå kruttkammeret til “Ambrosia”, berre han får nokre timar i verkstaden sin.


(det fylgjande står i ein tekstboks i modulen)

Å flyga Doggfuglen
Kast mot Piloting! for å styra Doggfuglen. Alle kast får +1 midt på dagen, -1 etter sola har gått ned, og -2 etter midnatt (alle kast får +1 om ein er på månen, +3 om ein er på sola).

For å ta av Piloting!+4
Landa Piloting!+2
Sveva på ein stad over tid Piloting+1.

Å flyga frå ein stad til ein annan på jorda krever eit kast mot Piloting!+3, justert med Long-Distance modifiers (p. B241)

Flyga frå jorda til
Mars Piloting!-8
Månen Piloting!-5
Sola Piloting!-15
Venus Piloting!-12

Kvar gong Doggfuglen tek skade eller på anna vis vert alvorleg skaka, må ein rulla Piloting!+0 for å halda eit jamt svev.*

Alle kast får +1 midt på dagen, -1 etter sola har gått ned, og -2 etter midnatt.

Eit mislukka kast tyder at ein ikkje kjem dit ein vil, og havnar ein annan stad (på jorda, eller den kloten ein var på, om ein prøver å dra frå månen eller liknande). Med ein feilmargin på 1 til 3 kjem ein relativt nær der ein hadde tenkt å dra, på 4-5 langt borte, og på 5+ ein heilt annan stad. Alle mislukka kast krever eit nytt kast mot Piloting! for å unngå at Doggfuglen kjem til skade. Critical Failure på eit Piloting!-kast vil seia at Doggfuglen vert (vonleg midlertidig) øydelagd.

Fyrverkeri
Doggfuglen treng ein dose fyrverkeri for å ta av. For kvar dobling av fyrverkerimengda (2, 4, 8, 16), får ein +1 på kastet for å ta av, og det fyrste kastet for å flyga dit ein vil. Ein får diverre ein dobbelt så stor minus på kastet for å unngå at noko går gale, om det fyrste kastet ikkje var vellukka. Doggfuglen har plass til 8 dosar fyrverkeri om bord, dobbelt så mykje om ein ikkje har med annan baggasje
__________________
Jone (gamal simulasjonistknark)
Nynorskordboka på nett kan vera grei i møte med postane mine
Sogekatalogen min
Ymirea, den heimesmidde verda mi, som eg stundom refererer til
Spelleiarfilosofien min (eit utkast)
Svar med sitat
  #37  
Gammel 17/05-2009, 15:28
Hagazussa sin avatar
Hagazussa Hagazussa er offline
Medlem
 

Standard Re: Jakta på ungdomskjelda (sjørøvarar og zombiar og greier)

Sitat:
Det trur eg skal gå greit, men eg får sjå korleis det går med å få modulen forståeleg for andre enn meg sjølv
Veldig hyggeleg at du er interessert i å leia "Jakta på Ungdomskjelda" for gruppa di i Bergen
Det hadde vert flott. Men bare hvis det ikke er noe brydderi. Jeg liker ideen for modulen, og det kan være gøy av og til å ta en spille kveld og bare spille noe helt annet enn hva vi pleier å spille.
__________________
Sagt av en Aes Sedai til en Warder i WOT RPG:
If I may ask, Jicon, what does your sweetheart say about what you see and do in your work? I mean, I don't know where she's from, but a fair number of women from any country would have their men's heartblood if they so much as suspected he'd be guarding a flock of naked witches.
Svar med sitat
  #38  
Gammel 22/05-2009, 08:00
Martichoras sin avatar
Martichoras Martichoras er offline
Medlem
 

Standard Speltesting

No er soga utprøvd, og me kom oss gjennom heile greia innanfor 9 timar, og det med forseinka start og ein substansiell middagspause.

Å sitja å spela meir eller mindre samanhengande i ni timar er mykje tyngre enn eg kan hugsa at det var for femten år sidan...

Vlad vil eg seia har fungert etter måten godt begge gongene. Det som peikar seg ut som det største problemet rollemessig, er at Christina hamnar i bakgrunnen, i staden for å fungera som leiar og primus motor. Dette har skjedd med begge gruppene, så her er det noko eg må prøva å fiksa på.
__________________
Jone (gamal simulasjonistknark)
Nynorskordboka på nett kan vera grei i møte med postane mine
Sogekatalogen min
Ymirea, den heimesmidde verda mi, som eg stundom refererer til
Spelleiarfilosofien min (eit utkast)
Svar med sitat
  #39  
Gammel 22/05-2009, 14:06
lost and lonely sin avatar
lost and lonely lost and lonely er offline
Forbundsstyret (vara)
 

Standard Sv: Speltesting

hadde man havnet i sosiale settinger f.eks fengsel hadde hun fått masse oppmerksomhet, så egentlig, syns jeg bare at jeg skulle spilt henne bedre.. men kanskje få det litt klarere i tekst hvor bitchy hun egentlig kan være..
__________________
ELITE DINA
HolmCons Playgirl - The Girl on Holmcon
--------------------------------------------------------
"Det finnes to sannheter her i verden. Den ene er at Jorden er rund, den andre, at Kaare Berg er skummel."
Sitat Ukjent Kilde

Sist endret av lost and lonely; 22/05-2009 kl 14:06
Svar med sitat
  #40  
Gammel 28/06-2010, 16:13
Martichoras sin avatar
Martichoras Martichoras er offline
Medlem
 

Standard Re: Jakta på ungdomskjelda (sjørøvarar og zombiar og greier)

Eg endte opp med å arrangera "Jakta på Ungdomskjelda" ein gong til på Arcon, og har inntrykk av at spelarane var rimeleg nøgde. Eg hadde det morosamt, og har med dette skrive pitch til eit nytt scenario neste år:

GURPS (Swashbucklers/Cabal) Det perleblanke havet
Dei valdelege, vellystige og løgnaktige heltane frå ”Jakta på Ungdomskjelda” er tilbake. Leviathan har byrja å skaka fundamentet til Kjeldeøya, og heltane våre må berga henne, eller mista alt dei har oppnådd. I Atlantis finst det ein krystall som kan halda øya over vatn, men Atlantis sokk for tusenvis av år sidan. Einaste løysninga er å segla av jordkloten og inn i Andeverda – Yetzirah, over Det perleblanke havet, og inn i Briah. Der, i Ideanes verd, finst framleis ideen om Atlantis… På vegen truar sjøuhyre, draugar, demonar, sjelege slavehandlarar og Sir Isaac Newton - Hei, det er meir praktisk enn Cyrano sin plan om å byggja ei dykkarklokke!
__________________
Jone (gamal simulasjonistknark)
Nynorskordboka på nett kan vera grei i møte med postane mine
Sogekatalogen min
Ymirea, den heimesmidde verda mi, som eg stundom refererer til
Spelleiarfilosofien min (eit utkast)

Sist endret av Martichoras; 28/06-2010 kl 16:14
Svar med sitat
Svar

Bokmerker

Emner
arcon, moduler, pirater, sjørøvere

Trådverktøy
Visningsmoduser

Regler for innlegg
Du kan ikke starte nye tråder
Du kan ikke svare på innlegg / tråder
Du kan ikke laste opp vedlegg
Du kan ikke redigere meldingene dine

BB kode er
Smilier er
[IMG] kode er
HTML kode er Av

Forumnavigering


Alle tider vises som GMT +2. Klokka er nå 15:03.


Drevet av: vBulletin®
Copyright ©2000 - 2019, Jelsoft Enterprises Ltd.

Innhold ©2004 - 2019 Hyperion N4F v/Espen Sortland

Norsk Bokmål oversettelse av: Espen, futti, Xadhoom
Nynorsk oversettlse av: Kaia