Søk i Hyperions sider:
Send oss nyhetstips til tips@n4f.no
Nynorsk fantasydebut: Song for Eirabu
Skrevet av Kristian A. Bjørkelo   
mandag 09. juni 2008
Image(Fantasy) Det er framleis marknad for fantasylitteratur i Noreg, på norsk, neste forfattarinne ut er Kristine Tofte med første bind av Song for Eirabu, som kjem til hausten. Boka er satt til ei original verd inspirert av norrøn mytologi og historie.
 
I Song for Eirabu møter vi 14 og 15 år gamle Berghitte og Ragna, som uvitande om sine viktige roller, vert involvert i ei storslagen soge og eit politisk og magisk spel av eit slag ein berre finn  i fantasylitteraturen. Historia er satt til dei siste åra av tidsepoken før vår eiga, før verda vart skapt på ny etter eit Ragnarokk. Dette Ragnarok står sjølvsagt sentralt i Song for Eirabu, og dei to jentene har sjølvsagt òg si rolle å spele i oppfyllinga av volvas spådommer.

ImageDette er debutromanen til norske Kristine Tofte, og ho har latt seg inspirere av dei norrøne sogene som hennar far fortalde henne som barn, og som ho seinare fann att på skule og på universitetet. Song for Eirabu er òg eit fantasyverk, og forfattaren meiner at soga ho vil fortelje berre kan forteljast innan denne sjangaren. Ho sjølv las sin første fantasyroman som tredveåring, og har ikkje lest anna litteratur sidan. Ho håper at boka vil appellere både til den harde kjerne av fantasyentusiastar i Noreg, og til dei kvinnelege lesarane som gjerne er skremt vekk frå sjangaren. Ho framstiller boka som "ei forteljing på eit mytologisk plan, eit politisk, eit mellommenneskeleg og eit psykologisk plan. Og sentralt står nokre unge menneske som må forhalde seg til motstridande forteljingar, manipulering og skjulte motiv, samstundes som deira eigne draumar ser ut til å bli oppfylt, og verda tilsynelatande er enkel."

"Eit viktig tema er korleis våre draumar og mål, og vår forståing av rett og galt, blir forma av dei forteljingane me kjenner til." fortel Kristine Tofte til Fantastiske Nyheter, "Korleis den som fortel historier sit med makt over andre sitt moralske univers og andre si oppleving av kva handlingar som er moglege, ønskelege og riktige. Men også den som fortel historier er mål for andre sine soger, og slik sit ingen med ei uhilda sanning."

Boka, som kjem ut på Tiden Forlaget, i oktober eller november, er skreven på nynorsk, noko tidlegare fantasyutgjevingar har hausta mykje merksemd for. Forfattarinna legg i desse dagar siste hand på verket, men allereie no er arbeidet påbyrja med ein sjølvstendig oppfølgjar - Bind 2 - til Song for Eirabu. Opphaveleg hadde Tofte tenkt at dei to sogene skulle verte utgjeven samla, men revurderte det då bind ein hadde ei naturleg avslutting, og ein 1500 siders murkloss ville vere vanskeleg for lesarane å slepe rundt på.
Sist oppdatert ( mandag 09. juni 2008 )
< Forrige   Neste >
HYPERION - NORSK FORBUND FOR FANTASTISKE FRITIDSINTERESSER
Adresse: Akersbakken 12, 0172 Oslo :: Telefon: 22 99 37 45 :: Faks: 22 99 37 01 :: Epost: n4f(at)n4f.no :: Bankgiro: 1720.22.77160 :: Org.nr: 984 302 320
:: Kontoret er bemannet hverdager fra kl 10 til kl 18 ::